Spesialisten - allmennmedisin

Lars Sylta er allmennlege og forfattar som liker å bruka fritida ute, enten til fjells eller med fiske. I allmennmedisin er han fascinert av eit breitt spekter av problemstillingar og fridom til å organisere timeboka.

Tekst: Heidi Peura, skribent i Æsculap
Foto: Fernanda Baez

  • Kven: Lars Sylta

  • Fødselsår: 1988 

  • Utdanning: Medisin, Universitet i Bergen

  • Yrke: Allmennlege og forfattar

  • Jobb: Fastlege og legevaktslege i Bergen

  • Fritid: Friluftsliv er best; fjellturs og fiske

Ein allmennlege treng omfattende kunnskap

Sylta treivst veldig godt i allmennpraksis når han var i turnus og møtte eit breitt spekter av problemstillingar. Som allmennlege må  ein kunna «litt av alt», og det er grunnen til at han liker allmennmedisin så mykje. Han fortel også at det å vera ein spesialist i allmennmedisin krev mykje arbeid.

-Då eg blei spesialist var kravet eitt år på sjukehus og fire år med allmennmedisinsk virksomhet. Eg måtte i tillegg ha to år med veiledningsgruppe og ulike kurs, samt minimum 40 legevakter. Det har imidlertid kome nye spesialistreglar no, og eg må innrømme at eg ikkje har heilt kontroll på dei, fortel han.

Sylta legg til at arbeidsdagen hans inneheld mange ulike  oppgåver: 

- Ein typisk dag startar med første pasient kl.08:30 og siste pasient rundt kl.15. Innimellom dette forsøker eg å svare på meldingar frå heimesjukepleie, fornye reseptar, møte med NAV, gå gjennom blodprøvesvar og radiologi, svare på e-konsultasjonar med meir. Ofte må papirarbeid gjerast på ettermiddagen og kveld, eller om morgonen før første pasient. Utanom dette kjem legevakt, med rundt to til fire vaktar per månad.

Fridom, ansvar og lange pasientforhold

Dei fleste av fastlegar er sjølvstendig næringsdrivande. Dei har mykje papirarbeid og byråkrati som ikke burde ha  vore ein del av fastlegane sine oppgåver. Ifølge Sylta har ein som sjølvstendig næringsdrivande dårlegare rettar  til dømes ved sjukdom, og det kan til tider vare stressande. 

- Eg var sjølv veldig usikker på dette å jobba som sjølvstendig næringsdrivende då eg starta spesialiseringa i allmennmedisin, men så langt har det fungert veldig bra, fortel han.

Sylta liker godt fridommen han har til å styra hans eigne kvardag. Han veit sjølv korleis han organiserer timeboka, og har stor fridom i forhold til når han tek fridagar og ferie. Sylta synest det er fint å bli så godt kjent med pasientane ved å følgja dei over lang tid. 

-  Det er også veldig kjekt å møta på så mange ulike problemstillingar, samt få utføre praktiske prosedyrar som fjerning av føflekk og framandlekam. I tillegg er det spennande å få arbeida med meir akutte tilstandar på legevakta, fortel han. 

En liten hilsen og noen tips til medisinstudentene

Sylta vil anbefala å laga ein leseplan i starten av semesteråret, snakka med andre og øva på praktiske prosedyrar gjennom alle åra. Han seier også at det er lurt å starta tidleg med eksamensoppgåver for å få eit innblikk i kva som er vektlagde og kor detaljert du kan forventa at eksamen blir. Det fyrste åra hadde anestesilegen gitt ham eit tips som var veldig nyttig for han: 

-  Eg huskar at anestesilegen sa «prioriter nøye kva du brukar tid på gjennom studiet». Det han i meinte var at ein sjølv må kjenna etter kva læringsarena som er nyttig og ikkje. Det var gongar eg gjekk på førelesning som ikkje gav meg noko, der eg mista 2-4 timar eg kunne ha brukt til effektiv lesing. Etter fyrste åra blei eg difor flinkare til prioriterte tida der eg hadde mest å henta. Nokon gongar på førelesning, men mykje sjølvstudium, kollokviegruppe og praktisk øving. Eg trur mange kan få betre utbytte ved å kjenna etter kva som er best for ein sjølv. Alle er individuelle og det som er rett for  lesepartnaren din, er ikkje nødvendigvis det som passar for deg, fortel han. 

Av og til kan det kjennast om at medisinstudiet er er ein stor og viktig del av livet, noko mange medisinstudentar kan identifisera seg med. Sylta sier at det er lett å bli oppslukt av lesing og eksamenar men han fortel at tida går fort og etter enda studie startar karrieren som lege med jobb i mange år. Han meiner difor at litt avkobling kan vera gull verd:  -Å finne på ting som gir deg energi og glede er både positivt for helsa, samt kan gi ny giv for alt arbeid som ventar. Eg vil også oppmuntre til å velja allmennmedisin. Det er ein veldig fin spesialisering, du får ein jobb med stor fridom og varierande arbeidsoppgåver.

Previous
Previous

Spesialisten – Øyelege

Next
Next

Allmennmedisin - helsevesenets spennende og utfordrende førstelinje!