Bokanmeldelse: Skildringar frå ein tidlegare frisk mann

Illustrasjon: Elsai Mousavi

Tekst: Leander Pedersen

Korleis skal ein leve når ein veit at kvar dag kan vere din siste? Tidligere frisk mann (2025) er ein sjølvbiografi skriven av litteraturforskaren Tore Rem, som følgjer hans lange reise gjennom dei friske og sjukes rike. Ein dag på fotballtrening i 2014 skal livet hans endrast for alltid, då han fell om og byrjar si over ti år lange ferd i verda som tidlegare frisk mann. Rem vert diagnostisert med sjukdomen kardial sarkoidose, ein sjeldan form for den allereie uvanlege og mystiske sjukdomen sarkoidose. I åra før den utløysande hendinga, har lidinga i all stillheit herja fritt i hjartet hans, og gitt han «[...] hjertet til en storrøyker i 70-årene» (s. 31). At boka er skriven i augo til ein alminneleg pasient, ikkje ein lege, sjukepleiar, eller helsefagarbeidar, er truleg nettopp det som løftar historia til Rem.


Rem sine refleksjonar rundt det å vere ein evig «kasteball», knapt eit namn og journalnotat, er eit gjennomgåande problem det norske helsevesenet tilsynelatande ikkje klarer å lære av. Rem utrykkjer:

«Slik føles det: Jeg går fra å være meg selv til å tilhøre en kategori, til å bli et objekt. Det å bli objektivert er en skade, til dels uunngåelig, som systemet skal komme til å påføre meg.» (s. 38) 

Kven skal haldast ansvarleg for å ivareta dei evig sjuke? Dei med sider på sider av epikrisar og medikamentlister som forsvinn i det svarte hòlet av den offentlege helsetenesta? Me som helsevesenet si framtid har eit ekstra ansvar for å lytte og handle på dei problemstillingane pasientane ytrar, for kven skal elles ta det ansvaret?


Fridom handlar ikkje berre om det å kunne ytre seg eller tenkje fritt. Fridom finst også i ein frisk kropp. Ein kropp som kvar morgon vaknar og løftar seg ut av senga, som syklar til jobb og speler fotball, som klarer å gå dei få skritta til postkassa eller køyre bilen til butikken. Hjartet som hugsar å slå. Å vere frisk gjev menneske fridomen til å leve utan implanterbar hjartestartar, prednisolon og beinskøyrheita som følgjer. Tore Rem gir eit unikt innblikk i dette lekamlege fridomsranet, og kjensla av å lengte tilbake til det ein alltid har teke for gitt.



Kjelde:

Rem T. Tidligere frisk mann – en sykdomshistorie. 1. utg. Oslo: Cappelen Damm; 2025. 221 s.

Previous
Previous

Historisk tilbakeblikk: Burde alle være fri til å studere medisin?

Next
Next

Kryssord